Fjellpadletur med OKK, siste helga i august.

14 turglade fjellpadlarar møttast fredag ettermiddag ved vannkanten på Bygdin. Torfinnsbu var bestilt for to netter. Og padleturen inn gjekk greitt med en liten bris i ryggen. Vatnet var kaldt, så derfor tørrdrakt på, sjølv om været var strålande og det var fortsatt midtsommervarme, her vel 1000 meter over havet. Fjellstøvlar og ingredienser til kulinariske middagar var godt pakka ned i kajakkane.

Langs strandlinja av Bygdin kunne vi sjå opp på fleire 2000 metere, og fekk idear til fjellturar og fantasiar om kvar turen kunne gå dagen etter. Mange forslag blei kasta fram. Værmeldinga lova godt for heile helga.

To  matlag var på førehand satt ned, og ein chef for kvart lag hadde organisert innkjøp og koordinerte gjeremål på kjøkkenet. Femrettars middag med kvilerettar kom på bordet, og praten gjekk livleg over kart og turmål for neste dag.

Det blei tre grupper og turalternativ der det einaste kravet var at det skulle vere minst to på kvar gruppe.

To valgte padling med turmål Eidsbugarden og lunsj på Fondsbu. Bygdin speila dei fine fjelltoppane og siktedypet var langt, så bunnformasjonane kjendest som utforbakker og motbakker på den speilblanke Bygdin.

Ni valgte den klassiske fotturen opp Langedalen så langt dei kom opp mot dei stupbratte majestetane. Lange pauser med solbading, isbading og ei lita yogaøkt ved Langedaltjernet. Kjekt var det også å sjå reinsdyr som traska der i høgfjellet.

Tre fjellpadlarar syntest det var perfekt vær for topptur. Dei fekk med seg tre flotte tindar; Leirungskampen (2079), Vestre Kalvehøgde (2208) og nordre Kalveholotinden (2019). Mykje stein, ein del klyving og nokre parti som var litt utfordrande. Strålande sol og kortarma på heile turen. Nærmest magisk!

Altså ein fjellpadletur med noko for einkvar smak, ikkje minst når det gjaldt dei gastronomiske 5 rettars måltida.

Helsing turledarane Nils Olav Solheim og Bjørn Tor Svoldal

Foto: Inger Spangen


Publisert

i

av

Stikkord: