Padling og fottur i høgfjellet 19.-21. august – Invitasjon og påmelding – avlyst

aug 1st, 2022 | By | Category: Havpadling

Avlyst pga. for få påmeldte

Årets fjellpadletur går av stabelen 19. til 21. august.


Fyrste overnatting frå fredag til laurdag tek med på SolSvol (hytta til Kirsti og Bjørn Tor) ved Hengsen 137 i Ål kommune. Det blir servert eit varmt måltid fredag kveld fra kl. 20:00 og utover, og vi syter for felles mat til frokost og niste laurdag.


Laurdag morgon er me klar til padling frå Stolsdammen inn til Iungsdalshytta DNT. Mogeleg start frå Frosen, Olsenvatnet vidare på Stolsvatnet, Djupsvatnet og inn til Iungsdalen, ein tur på ca 2 mil. Innlagt lunsjstopp på ei av øyane.


Sundag legg vi inn ein fottur til vakre Fødalen opp Fossebrekka. Mogeleg å fiske for dei som vil ha ein litt kortare tur. Me padler returen til bilane ikkje alt for seint slik at me kan nå Oslo før midnatt.

Det er 15 plassar på denne turen.


Totalpris for turen er kr. 1300 for DNT-medlemmer og kr. 1650 for ikkje-medlemmer, betalast ved påmelding som er bindende. Dette dekker overnatting og fullpensjon ved Iungsdalshytta (inkl. matpakke og varm drikke på termos), varmt måltid fredag kveld på SolSvol, og frukost og niste laurdag.


Turen er for medlemmer av OKK. Deltakarane må kunne kunne padle 5 km/t og kunne handtere krappe, krevende og rotete bølger som kan oppstå ved mykje vind. Minstekrav er teknikkurs.


Påmeldingsfrist: Torsdag 4. august

Helsing Bjørn Tor Svoldal (91339786) og Kårstein Måseide (46680069).

Comments are closed.